Den fjerde nominerte til Fagprisen 2025 er en dyktig tekniker fra Det Norske Teatret – Kalle Von Hirsch. Han er nominert for den kreative tekniske løsningen han lagde til framsyninga Da vi var yngre. Han er nominert av klubbstyret ved Det Norske Teatret.
Om den nominerte skriver de:
Kalle arbeider til vanleg som sceneteknikar og scenemester på hovudscena ved Det Norske Teatret. Han er alltid ein løysingsorientert og kreativ person, og er ofte med på å finne spesialløysingar til diverse scenetekniske utfordringar.

I stykket Da vi var yngre er hovuddelen av scenografien eit gutterom, utforma som ein kube der tre av veggane er fjerna og det er eit stort takoverheng, med ein bokhylleforma stige opp til ei luke i taket slik at skodespelarane kan gå opp på taket. Heile konstruksjonen vert dreia rundt si eiga akse fleire gongar.


I løpet av stykket skal det regne inne i gutterommet. Dette var eit sterkt og tydeleg ynskje frå regissør Aksel Hennie heilt frå starten av produksjonsprosessen. Grunna diverse forseinkingar med avgjersler og produksjonsstart av bygginga, var det ingen som hadde laga ein plan for korleis dette regnet skulle fungere, og det var heller ikkje avklart kven som skulle løyse det. Dette gjorde at det meste av konstruksjonen var ferdig bygga utan at det eksisterte ei løysing på korleis det skulle regne, slik at ein i hovudsak måtte få det til utan å måtte bygge om noko i dekken. Til slutt tok Kalle på seg saka og gjorde ein fantastisk jobb på ekstremt kort tid.

Heile regnopplegget er skjult inne i konstruksjonen, og vatnet er kobla på via hageslangar. Det er også lagt inn oppsamling for vatnet under golvet i konstruksjonen, og golvet er dekka med eit ikkje-absorberande golvteppe slik at det ikkje vert glatt å gå på sjølv om det er vått, og vatnet kan renne gjennom teppet og ned til oppsamling. Regnet gjer mykje til historieforteljinga i stykket, og er løyst på fantastisk vis.


Fagprisen er Fagforbundet Teater og Scene sin egen hederspris og deles ut til et medlem eller en gruppe medlemmer som i løpet av det siste året har utmerket seg ved å gjøre en ekstra innsats for arbeidsmiljøet, vist store innovative evner, vært ekstra hardtarbeidende eller på annet vis utmerket seg positivt i løpet av det siste året, innenfor tekniske og administrative områder.





