Årets andre nominasjon går til et medlem som har sitt daglige virke på Det Norske Teatret – Nikolai Bergstrøm. Han nomineres for den eminente jobben han gjorde med å utvikle et avstemningssystemet til framsyninga Europavisjonar. Dette er hans andre nominasjon. Han er nominert av Åshild Mjelde Nordås.
Om den nominerte skriver Åshild følgende:
Nikolai jobbar som videoteknikar ved Det Norske Teatret, og har i mange år vist at han kan – og gjer – mykje meir enn det stillingstittelen skulle tilseie, så også i år. I fjor vart han nominert meir på generelt grunnlag for alle dei ulike tekniske løysingane og systema han har laga både for lys og videoavvikling, men også inventar og lagerbehaldning m.m. Vi tar gjerne med det i år også, men til Europavisjonar overgjekk han seg sjølv ved å ta på seg ei oppgåve som ingen andre klarte å løyse, og den oppgåva løyste han med glans!



For dei som ikkje kjenner til framsyninga, så er den lagt opp som ein Eurovision-finale, der publikum røyster på kva land dei ynskjer skal vinne. Publikum er delt inn i ulike seksjonar/land, og røyster på vegne av «sitt» land. Dette skjer ved at publikum nyttar mobilane sine og scannar ein QR-kode som er festa på ryggen på setet framom dei. Dei får då opp kva land dei stemmer på vegne av og må så velje tre land dei vil røyste på, i prioritert rekkefølge. Røystene vert samla på ein data, og resultata ført inn på eit fysisk skjema til dei som skal lese opp poenga. Etter kvart som dei ulike landa leser opp sine røyster, ser vi live-oppdatering av summeringa på videoskjermar på scena, slik ein gjer i ein vanleg Eurovisionfinale. Vinnaren skal så framføre sitt bidrag på nytt. (Eller skal dei det…? 😉)



Nikolai laga heile dette systemet for avrøysting (stemmegivning for bokmålsfanatikarar 😊) -og det på rekordtid. Berre nokre få veker før premiere ante ingen hverken korleis eller kven som skulle løyse den oppgåva, så då meldte Nikolai seg og fiksa biffen. Systemet har fungert heilt knirkefritt, og er svært viktig for framsyninga.
Fagprisen er Fagforbundet Teater og Scene sin egen hederspris og deles ut til et medlem eller en gruppe medlemmer som i løpet av det siste året har utmerket seg ved å gjøre en ekstra innsats for arbeidsmiljøet, vist store innovative evner, vært ekstra hardtarbeidende eller på annet vis utmerket seg positivt i løpet av det siste året, innenfor tekniske og administrative områder.

