Foto: Pernille Sandberg
Den sjette nominerte til Fagprisen 2023 er lydavdelinga på Det Norske Teatret. Lydavdelingen er nominert av Åshild Mjelde Nordås.
Om de nominerte skriver de:
Lydavdelinga på Det Norske Teatret har i mange år vore lavt bemanna, men 2022/23 var det ekstremsport å levere lyd til dei ulike produksjonane på Det Norske Teatret. Frå å vere 7 stk (som allereie er for lite med tanke på produksjonstempoet), var dei over lengre tid (mange månader) nede i berre 4 stk. Ein særs uheldig kombinasjon av sjukdom, permisjonar og lange tilsettingsprosessar gjorde at dei 4 som var att måtte serve alt som var av husets produksjonar både i prøve og framsyningsavvikling. Dette klarte dei utan ei einaste avlysing, og dei leverte fagleg sterkt gjennom heile perioden. For dei som ikkje visste stoda på avdelinga, var det sikkert eitt og anna punkt i løpet av siste halvåret litt misnøye med mengda merksemd enkeltståande produksjonar fekk i tidleg prøvetid, men med tanke på at dei var 4 stk som gjorde jobben til 7 (burde vore 9) er det eit under at produksjonane fekk noko merksemd i det heile og at det ikkje førte til ei einaste avlysing. Det einaste som gjorde at ikkje teatret måtte avlyse framsyningar eller utsetje premierer grunna mangel på folk, var at dei fire som var att jobba som heltar for å få teatret til å gå rundt, og det utan at det gjekk på bekostning av den kunstnarlege kvaliteten på det dei leverte.
Vi ser no endeleg lyset i enden av tunellen med tanke på bemanning, men det holdt hardt, og at vi kom gjennom det er det lydteknikarane vi kan takke for.
Fagprisen er Fagforbundet Teater og Scene sin egen hederspris og deles ut til et medlem eller en gruppe medlemmer som i løpet av det siste året har utmerket seg ved å gjøre en ekstra innsats for arbeidsmiljøet, vist store innovative evner, vært ekstra hardtarbeidende eller på annet vis utmerket seg positivt i løpet av det siste året, innenfor tekniske og administrative områder.
Styret i fagforeninga er jury og har i år mottatt 11 veldig gode nominasjoner på 3 enkeltpersoner og 8 grupper, som alle er verdige kandidater til prisen. Det var ikke lett å komme fram til en vinner blant de veldig gode kandidatene. Vinneren vil bli tilbørlig hedret med diplom, blomster og håndlaget statuett på utdelingen den 15. juni!
Statuetten blir laget av smed og hovedtillitsvalgt Sven Undheim, i samarbeid med verkstedene på Den Norske Opera & Ballett.